My life is like a roller coaster this year, challanges and pleasure hand in hand. This week I had a big disaster: all my photos were deleted from my pc! It's a complicated story, but done is done, and what can I do? Is it possible to get the photos back, from the pc or the camera? Well, maybe it is, time will show.
I have spent some very nice days at the cabin with my good friend. In this photo it is possible to see a tine dot, "The round rock" as we call it. We wanted to climb the little mountain to see this phenomenon. And we did! And we had a very nice walk along the mountain ridge.

Av alle årets utfordringar skjedde det denne veka at eg mista alle bileta på pc-en min! På noverande stadium er eg usikker på om dei let seg "mane fram" att enten på pc-en eller på kameraet, men eg kryssar fingrane for at det går! Uhellet skjedde ved oppjustering av maskina på jobb. Ein skikkeleg lærepenge: lagre bileta ein annan stad, og gjer det etter kvart, ikkje vent!

Etter denne nedturen gjorde det godt å reise på hytta med ei god veninne. I bakgrunnen her kan ein kanskje skimte Rundesteinen, eit artig naturfenomen vi ser frå hytta. Vi bestemte oss for å gå rett opp neste dag (eg har sjølvsagt vore der før...!). Det blei ein nydeleg fjelltur, opp til steinen, vidare framover eggene og ned att på hytta.

Jorunn kom først opp, ja, eg ga meg god tid, fordi eg skulle fotografere...

Ein kan berre lure på korleis denne store steinen har havna her.

Ei ørn var også å sjå over oss, men ikkje så god å fotografere.

Kanskje det er på tide å byte ut denne "grilldressjakka" med noko meir up to date? Utsikta er flott, eg gjekk i same område i fjor sommar, den gongen heilt åleine.
7 kommentarer:
Flott natur og spreke damer!
Mange år sidan eg var på rundesteinen. Vakker natur og utsikt i Heidamarka, kjekt at du kosar deg.
Eidabesta
Eg miste ein del bilde då harddisken crasha; heldigvis hadde eg kopiert ein del av bilda på DVD-plater.No har eg fått meg ein minnepenn og lagt alle bilda over på den, det er veldig lettvint.Elles er der vel nettstader der ein kan lagre? Nydelige naturbilde! eg misunner av heile mitt hjerte alle som kjem seg på tur i skog og fjell.
Spennande med slike naturfenomen! Dei bileta håper eg du "finn att" på eitt eller anna vis, for slikt er skikkeleg fortærande! Eg har kjøpt meg ein liten ekstern harddisk som eg lagrar kopi av bileta på, og så legg eg den i skuffa mi på jobb. Korleis eg fekk den idéen? Gjett!!
Skikkeleg fortærande å miste bilde på denne måten. Vi var så smarte å invistere i ein separat/frittståande harddisk der vi lagra alle digitale bilda våre i tilfelle datamaskina skulle havarere. Vel, datamaskina havarerte ikkje, men det gjorde den frittståande harddisken. Alt tapt. Kunne nok ha fått det rekonstruert, men det ville ha kosta flesk. Så no lagrar vi bilda hos Eurofoto og kryssar fingrane for at dei ikkje havarerer.. PS! Grilldressjakka ser no heilt OK ut, den.
Hei. Kjekt å besøke sida di. Eg tar kopi av alle bileta mine på ein minnepenn og på CD. Det er lettvint, og då kan eg ta med meg og vise til slekt og vener. Håper du får att bileta dine.
Fine bilder av deg, tante ;) Nydelig der oppe altså!
Legg inn en kommentar