Søk i denne bloggen

lørdag 1. august 2009

Global Position System

Some photos from the trip to Oslo, aprox. 500 km from home, yes, we had to do some quality things on such a rare occation... Lappemakeriet is my Mekka, and Interfoto is my DH's Mekka...
Konsertdag-føremiddagen blei nytta til KVALITETS-syslar! Mannen min er ein svært ivrig naturfotograf (burde hatt blogg, men held seg på analogt system). Turen gjekk først til Interfoto på Høvik, der eg sat eit par timar og såg ut på Drammensveien gjennom regnvåte bilvindauge, og sjå: GPS'en, som vi hadde fått lånt, er programmert til neste etappe: mot Lommedalen, Bærums Verk og Lappemakeriet! Tida gjekk som ein røyk, her med babyspøt og bok på mp3'en!
GPS er hjelp "frå oven", veldig greitt for bygdefolk som skal øve seg på bykøyring der ein ikkje er kjende. TomTom heiter vedunderet, og kan kjøpast for ein tusenlapp. Det er pling når ein køyrer for fort, pling når ein nærmar seg fotoboks og "snu så snart du kan" når ein likevel er litt på villspor...
Eg melde meg inn i Tanum-klubben, og fekk m.a. dette som premie (ja, det var difor eg melde meg inn, sjølvsagt!). Ved hjelp av Solveig lærte eg meg raskt å legge inn lydboka. Denne boka er berre så kjekk å høyre på, veldig godt lesen av Trond Brænne! Kanskje eg blir biten av lydbok-basillen eg og? Men ikkje til turar i skog og mark, der må ein ha sansane intakte, men når ein t.d. sit på syrommet eller trimmar langs ein kjedeleg veg....

Mekka nr. 1


Her er visst alt ein treng og meir til, men denne gongen var det ein reparasjon som skulle til, og ingen nyinvesteringar.

Mekka nr. 2 (ja, eg var der for ein månad sidan også...)
Anne Kjersti på Lappemakeriet kjende meg att med ein gong eg stod i døra, vi har prata face to face ein gong tidlegare, og det var i oktober 07, så denne dama hugsar godt! Det var ho som hjalp meg å ta ut sashingen til Sylvia-teppet mitt.

Desse stoffa likar eg svært godt!

Klart der må vere gamle omnar i dette huset også. Butikken har flytta lenger fram i gata, så no er det parkeringsplass tett ved!

Slike teppe likar eg godt!

Litt snop i forskjellige prisklasser blei det denne dagen. Skal m.a. prøve ut ein ny stitchery-vatt som kan strykast på. Bomullsstoffa bak til høgre er av kraftigare kvalitet, skal nyttast til barneklede, er planen...

...og heime låg denne pakken og venta på meg frå Northern Quilts, endå meir godteri!

8 kommentarer:

solveig sa...

Kjekt at du har kome i gang med lydbok. Elles ser det ut som de har hatt ein innhaldsrik tur!

Laila sa...

GPS er fenomenale greier. Ser ut som du har akkurat same som vi har. Den har hjelpt oss mang ein gong. Masse flott snop har du fått med deg heim også. Du har arbeid ei stund her....

Besta sa...

Velkommen i lydbokklubben! Men eg er samd med deg i at i naturen skal ein bruke sansane til andre lydar t.d.Grunnen til at eg begynte med lydbøker var eit vondt auge......
Du har jammen opplevd mykje på turen!

marit sa...

Høres ut som dere har hatt en flott tur!

tubakk sa...

Eg har sagt mange gongar at quiltedamer aldri kjedar seg, sjølv ikkje i dårleg vêr. Og det ser eg jo stemmer heilt hos deg også. Lukke til med dine nye prosjekt. Eg koser meg med sida di.

Merete sa...

Høres ut som om dere har hatt en flott tur, hvor alle fikk oppfylt sine ønsker.

Litamora's Quilt & Design sa...

Ser du har kosa deg ja:o) Herlig!
En liten hilsen til deg på bloggen min :o)
klem

2ne sa...

Masse flott du har handlet :-) Ha en fin dag.