Søk i denne bloggen

lørdag 15. august 2009

The Return

Granada, Alhambra, Sierra Nevada
Not much sewing or blogging these days. Today I'm knitting a baby cap while listening to this book. Have you read it? If not, I'll recommend it. The funny thing is that I've been to Granada some years ago with the Socrates exchange group at school, and I know the Alhambra, the Sierra Nevada, the cuevas of Sacromonte, the tapa restaurants.....
Overskrifta kan kanskje vere litt symbolsk ettersom eg har vore svært doven når det gjeld blogging i det siste. Ikkje det at eg kan love så veldig mykje aktivitet den næraste tida heller, men likevel...
Dersom du ikkje har kjøpt eller lånt denne boka av Victoria Hislop, vil eg anbefale at du går på biblioteket og låner henne som lydbok, Gisken Armand les med fabelaktig innleving og korrekt uttale på dei spanske orda som dukkar opp her og der. På denne lenka finn ein omtale av boka.
Det morosame er at eg for ikkje så svært mange år sidan (kan det vere 5?) var på reise til Granada i samband med eit Sokrates-utvekslings-prosjekt skulen vår var med i. Då blei eg litt kjend i denne nydelege byen ved foten av Sierra Nevada (snøfjella), og eg fekk med meg både omvisning i Alhambra og flamencodans i holene i Sacromonte, sigøynerkvarteret i fjellsida. Eg har tidlegare reklamert for Madrid, og vil no verkeleg gjere litt reklame for Granada! Kunne godt tenke meg tilbake dit ein gong, sjølv om også denne byen ligg milevis frå næraste hav og strand...

9 kommentarer:

Besta sa...

Sist eg var på biblio hadde eg problem med å finne lydbøker som eg ikkje hadde lese. Då sa bibliosjefen at viss eg hadde eit forslag til kva dei kunne kjøpe inn, så måtte eg komme med det. No har eg fått eit tips! Eg likar veldig godt å lese romanar frå andre himmelstrøk, slik at eg på ein måte "reiser" frå sofakroken.

STRIKKEMOR(O) sa...

Høyrest ut som ei kjekk bok. Eg har så vidt begynt på "Øya", så eg får vel lese den ferdig først. Ha ein fin laurdagskveld!

Hildegard sa...

Fint innlegg. Skal låne boka ved første høve. Har nett lånt ei krim lydbok av Camilla Lâckberg "Isprinsessen". Fekk anbefalt forfattaren av EM.
God helg.
Eidabesta

Litamora's Quilt & Design sa...

Jeg har for ikke så lenge siden, fått Davinci-koden lydbok, og tror jammen jeg skal finne fram den i morra, og lytte på sammen sømmen. Det er flott å kunne lytte på bok når man sitter og syr ja :o)
Ønsker deg en fortsatt fin helg, og håper du koser deg med strikkepinnene :o)
Stor klem,
Laila

solveig sa...

Denne har eg også lyst å lese. Eg håper dei får den inn i det nye depotet dei har bestilt, viss ikkje får eg spørre. Øya bestilte dei til meg sist eg hadde lese alle lydbøkene på biblioteket.

arieldog sa...

Takk for lese- og reisetips! Etter ein regnfylt sommar har eg begynt å tenkje på neste års ferie, og sidan Eldstejenta skal begynne å lære spansk, kunne eg godt ha tenkt meg eit spansktalande land som reisemål...

marit sa...

Jeg leste "Øya" for en stund siden, og kjøpte denne (på engelsk...) tidligere i sommer. Den ligger på vent...Øya var kjempegod, så jeg gleder meg til denne.

Laila sa...

Eg les helst kriminalromanar, men litt artig at eg no i helga har fått om hende ei bok av akkurat denne forfattaren - Øya. Og endå meir morosamt å sjå at det er fleire som les akkurat den. Lydbok har eg ikkje prøvd meg på, men kan tenkje meg at det er ein fin måte å "lese" på.

TIRIL SOL sa...

Skal låne denne sidan du anbefaler den. Eg kan anbefale bøkene av Torbjørn Færøvik, trur eg har lest dei fleste.