I motsetnad til Hilde, som har flaksa land og strand i sommar, har tanta vore veldig stasjonær, og berre vore ein snartur til Noregs styggaste by (?), Førde. Dette måtte vi gjere noko med. Over fylkesgrensa til Møre og Romsdal er eit bra plaster på såret! Vi har begge studert i Volda, og har gode vibbar når det gjeld denne bygda. Vi hadde ein hyggeleg tur, det er sikkert. På veg til Ørsta tok vi på ein hyggeleg haikar (!), så vi hadde underhaldning i bilen også. Han var nett komen heim frå haiketur til Spania og hadde sprunge okseløp i Pamploma, kan du tenkje! Og i Ørsta møtte vi Olaug og Nils, hyggelege folk det og!
Shopping i Volda, første stopp NettStrikk!
Her er Strikkemor(o) framfor butikken. Tru om det blir nokon fangst i dag? Eg skal ikkje røpe anna enn litt av det eg sjølv fall for i denne fantastiske butikken http://nettstrikk.no/
Her står sørvis høgt, det er tydeleg, og det løner seg...
Tova lue og vottar er eit must!
Her er Strikkemor(o) framfor butikken. Tru om det blir nokon fangst i dag? Eg skal ikkje røpe anna enn litt av det eg sjølv fall for i denne fantastiske butikken http://nettstrikk.no/
Her står sørvis høgt, det er tydeleg, og det løner seg...
Tova lue og vottar er eit must!
2 kommentarer:
Einig i at Nettstrikk i Volda er ein kjempefin butikk! Godt utval, mange fine modellar og god sørvis!
No har du mange prosjekt å kose deg med framover!
Handarbeid må me ha veit du!
Kos deg med strikkinga! Kjekt med arva handarbeid. Mannen min og eg fekk ein brodert duk til bryllupet som var ein kopi av ein duk bestemor hans hadde på bordet dagleg. Det er brodert "Kjærlighet er livets lykke. Gjestfrihet er husets smykke. Nøysomhet er livets dyd. Snehvit dug er bordets pryd." Den gjævaste gåva av alle me fekk!
Legg inn en kommentar