Søk i denne bloggen

onsdag 25. juli 2007

Bellabestaputa



Denne sofaputa har eg fått etter mormor, som døydde for 25 år sidan. Mormor hadde det klingande namnet Bella Olufine, og ho var mellom anna veldig flink med handarbeid. Denne typen pute laga ho mange av. No prøver eg å rekonstruere dette mønsteret, men får det ikkje til slik som ho laga det. Eg forstår ikkje kva slags masker ho har hekla, det liknar på fastmasker, men er ikkje det. Dersom nokon der ute har ide om mønster til denne puta, er eg glad for respons. Litt bølgjer er det her og...

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ei nydelig pute! Det er så herlig å ha slike minner etter de som er borte.

Jeg synes det ser ut som den er heklet av fastmasker , men bare gjennom bakre ledd...

Anonym sa...

Der var puta ja.
Skal sjå litt til på det eg, men meiner som toja at det var kun gjennom bakre maskeledd nokre plassar og gjennom fremre maskeledd andre plassar.

Skal prøve meg på denne puta eg og, håpar eg huksar ho godt nok til det.

Ellers så står det bare bra til med oss her nede. Eller..... vi regnar snart vekk altså.
Ang. det med gimping, kanskje eg skal kurse deg litt neste gong eg kjem til Sandane? Har ein fyrst lært det, så er det vel berre litt repitisjon, så sitter det på plass igjen, trur ikkje du det?

Ha vidare ei fin helg. :)