Today I feel excited! I have bought this wonderful online class (24 dollars only) from Leah Day.
One of my goals for the new year was to learn free motion quilting, and suddenly I came over this class, what a coinsidence and luck!
Her blog is here. I'm certainly not paid to tell this, but this class seems to be worth every cent. Go and have a look yourself, if your not a friend with your darning foot (and want to be).
Since I'm rather shakey about this, I'm making a test piece...
All the class material can be downloaded (94 pages). I have only downloaded the patterns, and read the rest online. Pinmors works so well!
Probably because I ironed after drawing, the marks would not disappear in water. But what is there in the closet??
My own invention: a homemade light box!
Eitt av hobbyønska mine for dette året har vore å lære frihandskvilting. Plutseleg fann eg eit kurs på nettet, som nettopp hadde starta, for eit hell! Eg blir ikkje sponsa av dama, men eg må berre anbefale dette kurset! Leah Day er ein framifrå pedagog, det er sikkert! Og ho bruker mannen sin som prøveklut, ikkje bokstaveleg altså :), men ho filmar han når han prøver ut mønstra, og på den måten ser ho metoden ut frå ein nybyrjar sin ståstad, genialt! Opplegget går ut på å sy ei type blokk kvar månad (gjerne 3 av dei same) i første veka, i veke 2, 3 og 4 viser ho dei nye mønstra. Blokkene blir altså kvilta som blokker, og så skal dei syast saman til slutt (det er eg forresten ikkje sikker på, kanskje litt etter kvart). Ein blir anbefalt å bruke klare stoff, og ein tydeleg tråd, slik at ein ser kva ein har gjort. Ein skal ikkje rippe opp feil! Desse blokkene er sydde utan å kutte tråden. Det er eit lærestykke! Eg har funne fram gamle einsfarga stoff til dette formålet. Ikkje kjøpe nytt! Men eg skal investere i hanskar, eigna tråd, betre blyant og ei glatt matte. Bruken av pinmors er og genial, eit flott alternativ til sikkerhetsnåler. Visste du forresten at det er betre for maskina å ikkje kople ut undertransportøren, men stille stinglengda på 0??
For 24 dollar får ein:
- lære å sy nye blokker
- lære å frihandskvilte etter mønster
- god oppfølging på facebookgruppa
- 94 sider som kan printast ut (eg har printa berre mønstra, og les det andre på nettet)
- lære å forstå meir engelsk...
- inspirasjon og plenty av tips
Kanskje eg skulle hatt betaling likevel?

1 kommentar:
Så flott innlegg, Elin! Så smart lysboks du har ordnet deg! Blokkene ser supre ut! Artig at vi er flere i Norge som er med på dette fine og lærerike opplegget!
Legg inn en kommentar