Clearing the upper attic!
In order to make our way through the upper, dark attic, we have had some hard work clearing out old stuff and get rid of it. But as always, one finds a number of old treasures, which have to go back to the attic, in nice boxes with names on them.
Look at these old patterns. Most of the projects did I make during the last half of the 1970ies.
God, "gammal" årgang?
Det har blitt litt mimring siste dagane, etter at vi har rydda mørkeloftet (eller rettare sagt begynt å rydde). Hengarlass med gamalt skrap er kome på søppelplassen. Men som vanleg finn ein gamle skattar, som ein slett ikkje kan kaste, som t.d. desse mønstra. Eg ser at eg hadde ein produktiv periode på andre halvdel av 70-talet og utover. Mesteparten av dette har eg faktisk laga (ikkje den øverste strikketrøya). Mange av garnsortane er ute no, slik som Mamsell, Fluffy, Tøffe, Triplex m.fl.
For samlarar er dette ein skatt. For meg er det gode minne!
Hugsar du desse mønstra? Laga du noko av dette?
Kjekt om du kan skrive litt om det i ein kommentar.
Minner om give-away med trekking laurdag 31. august.
7 kommentarer:
Oh how fun! I too have knitting magazines from my mother from 1950's to 60's, and sewing patterns from an even longer period. The last Simplicity patterns reveal that we are about the same age, I could have had any of those clothes. You have some treasures there!
Kjekt å sjå att. Eg strikka mykje den tida, men kjenner ikkje att mønstera. Sying har det vore mindre av, men slengbukser i crimplene frå Ørsta tricotagefabrikk sydde eg nokre av, ja.Barneklede var dyre då ungane våre vaks opp, og utvalet mykje mindre enn i dag.
Veldig artig å sjå dei gamle mønsterene, kjenner igjen fleire av dei. Dette må vi mimre om neste gong eg er på besøk.
Eidabesta
Hei Elin.
Her er det mange gode minner. Hugsar at vi sydde mykje av ,Solberg stoffa, då eg gjekk på yrkesskulen på midten av 70-tallet. Vi var og stadig på jakt etter mønster til å sy etter, både simplicity og burda. Kløverhuset var den plassen vi fekk kjøpt utruleg mykje forskjellige stoff.
Og alle garna er og kjende namn.
Har litt av dette på syrommet, eg,og.
Mvh Liv
Oh dear,am I really so old? :-))
Kom tilfeldig over din blog....du verden...saaaa mye kjent!!! Jeg har en stor perm med gamle mönstre mest Triplex og Peer Gýnt. Har strikket utrolig mye de fire aarene jeg bodde i Norge pü 70 tallet...beste Tiden i mitt liv var det tror jeg;-)
Takk for titten
Hilsen Annette/sör tyskland
Å, dette var gamle minner. Denne buksa har eg heilt sikkert sydd.
Frå eg var 13 år og gjennom heile ungdomstida sydde eg alle buksene mine sjølv, vi hadde ikkje råd til å gå på butikken og kjøpe ferdigsydd.
Hugser ein gong eg fekk eit lilla fløyelstoff til å sy bukse av, det kosta rundt 80,- kr og det var ein bra sum for oss på 70-talet. Eg fekk det fordi vi skulle sy bukse i handarbeidstimane på ungdomsskulen.
Rart å tenke på kor alt har endra seg no, sjølv om lønningane har auka noko ekstremt, kan ein kjøpe bukser til eit par - tre hundre kroner ferdig sydd. Ellers koser vi oss med Quiltebil og drivhusmesse;:-) Titt innom bloggen min:-)
Legg inn en kommentar