Søk i denne bloggen

fredag 30. mars 2012

Earth Hour, Eastern, a new book!

Time flies! Soon it's the end of March, Eastern is ahead, and spring is around the corner, hopefully!
Saturday I will join Earth Hour. Read about it here. Do you join?



 I have done some very simple Eastern decoration today. Oldfashioned runner, but I like it.. Lynette Anderson's newest book is here, love it!

No står palmehelga for døra. Eg har pynta pittelitt til påske, må gjere nokre fleire innkjøp av lys og serviettar, til dømes. Vi har ikkje dei store planane for påskehelga, vi gledar oss til å samle familien nokre dagar. Kanskje kan det bli ein liten dagstur på hytta, om veret tillet det. Visste du at flesteparten av nordmennene faktisk feirar påska heime? Det skulle ein ikkje tru, så sterkt som syden- og fjellferiear blir fokusert på i media. Dette året skal vi hugse på Earth Hour, sløkke lyset ein time på laurdagskvelden, for miljøet. Dette er eit fasinerande tiltak over heile verda, tykkjer eg. Blir du med?

Kva skal ein drikke i påska? Vel, eg har kjøpt kreklingsaft, for helsa sin del. Ho er faktisk ganske god, blir oppbevart i frysaren i mindre porsjonar. Gjett om det blir ei som skal på bærskogen komande sesong, både blåbær og krekling bruker vi å finne rikeleg av på våre kantar. Det er no berre latskap som gjer at ein ikkje sankar av naturen i rikt monn når ein har sjansen til det!

Ha ei fin palmehelg, og ein romantisk laurdagskveld med levande lys og noko godt i glaset!

3 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Den boka til Lynette ser fin ut!!

Litamora's Quilt & Design sa...

Den boka ser kjempespennende ut ja! Kos deg masse i dagene som kommer :o)
Ha en riktig god påske!

Besta sa...

Kreklingsaft har eg smakt, laga av ein tidlegare kollega(ein mann) og safta var GOD!