Søk i denne bloggen

torsdag 30. juni 2011

Finishes June

Here are my small finishes for June, some of the projects have been in very slow progress for a long time!

Her er dei ferdige små prosjekta for juni månad. Dresden-grytekluten er hekla sist veke, litt frå eit mønster og litt etter innfallsmetoden. Oppvaskklutane har lege lenge. Bella-puta er omsider ferdig montert, namnet kjem frå mormora mi, Bella Olufine, som hekla mange slike puter på sine eldre dagar. Eg har prøvd etter beste evne å rekonstruere... Labbane i midten er frå sist veke, dei andre har vore under arbeid lenge. Muggruggane skulle bli ferdige til påske... og den blå løparen burde vore ferdig for fleire år sidan. Eg driv og ryddar på hobbyrommet, men ryddinga går seint, når eg då skal gjere ferdig ting etter kvart. Dette er høveleg arbeid når skodda ligg tett ute, slik det har vore siste veka. I dag har det forresten vore fint ver, og Hilde og eg har hatt ein kjempekoseleg tur til kystbyen Måløy. Der har dei nokre veldig kjekke butikkar, Princess har topp service, så der blei det kjøpt gardiner m.m. Garnbutikken til Henny var eit anna lyspunkt, der fylte eg litt opp lageret mitt av bomullsgarnet over alle, Mandarin Petit, og så hadde ho fått inn ei alldeles fersk lestebok, den blei gjebuspresang til meg sjølv...

4 kommentarer:

Peg - Happy In Quilting sa...

wow....that is one awesome display of finishes well done...

Litamora's Quilt & Design sa...

Så deilig det må føles å få unna så mange langtidsprosjekter :o)
Grattis med så mange iløpet av måneden! Godt jobba!
Ønsker deg en flott helg,
Laila

Janes hobbykrok sa...

Jeg er utrolig imponert. Det var jammen litt av en innsats.

Hildegard sa...

Så fint du har fått til Bella-puta.