Wishing you all a continuous happy Christmas! It is cold outside, but inside it is cosy and warm!
My grandson is admiring the tree, while we listen to soft Christmas music, life is good!
Some very nice presents, from my niece this nice and warm hat and scarf and a Sunshine Frolic pattern, and from Satu in Finland a very surprising present, a friendship bag with wonderful civil war fabrics and some chocolate. And I should have had a picture of the Spanish sweets as well, but where is it??? 
Framleis god romjul! Dagane har gått i rekordfart, veit ikkje heilt kva og korleis... Den største gåva kom i september! Her ligg karen og studerer på juletrepynten. Mormor har sett på Hanne Krogh si juleplate, og der finn ein mange av songane vi kora til på førejulskonserten i lag med henne. Årets juletre blei ei tung affære, vi hadde tinga eit tett tre...og det fekk vi...Juletrematta var ny i fjor, og Buggy Barn-teppet laga eg då eg fekk vite eg skulle få barnebarn. Nordfjord-åkleet på veggen bak var det svigermor som laga i sin ungdom, eg er veldig glad i det. Fele og klokke er også arvestykke som vi set stor pris på!

Eg viser gåvene eg fekk av med-bloggarar.
Hilde er eit strikke-geni, ho får strikka mange ting i rekordfart. Ho visste nok at eg var lue-laus...Denne lua er kjempegod, og høver godt no i kulda, tusen takk! Skjerf går eg med mest alltid, tusen takk! Og stitchery-mønsteret er berre så herleg, gledar meg til å ta fatt på det, må berre litt planlegging til...

Stor overrasking i posten føre jul, frå
Satu, ho har sydd ei nydeleg vennskapsveske med bitar av fleire nydelege civil war repro-stoff. Ja, sjokolade fekk eg og! Eit under at den har overlevd jula...

Denne klokkestrengen er mellom det første eg laga i lappeteknikk/applikasjon ein gong på 90-talet. Eg hadde gått på kurs med Anne Birkeland, ei stor oppleving! Nokon som kjenner henne og kan gje henne ei helsing frå meg?
3 kommentarer:
Det var eit flott juletre! Aron ser ut til å kose seg hos bestemor/bestefar.
Humm, did you tell us about the adorable angel wall hanging? Well, it is perfect! Enjoy Elin.
Ja den største julegaven er nok Aron ja. Han ser så fornøyd ut der han ligger ved juletreet. Ønsker deg et riktig godt nytt år og gleder meg til å besøke bloggen din i 2010 også.
Legg inn en kommentar