Yesterday my local song choir participated in a very nice concert with Norwegian tenors and a very dear song artist, Hanne Krogh.
Så er kvelden til ende, kvelden vi har øvd fram imot i heile haust. Sjå meir om Hanne Krogh og dei tre tenorane her.
Prosjektet er genialt, få dei beste ut til folket, der folket bur (om det så er tøft med småflyplassar i kastevind), og kople til lokale kor og ein lokal barnesolist.
Ein av dei flottaste songane som blei framførte var You'll never walk alone, ein song som eg finn på Youtube med forskjellige artistar, her med Elvis. Teksten kan gje trøyst til mange som føler seg åleine i forskjellige typar utfordringar i livet. Hanne fortalde ei gripande forteljing som innleiing til songen. At songen også var knytta til engelsk fotball, fann eg ut på surfe-reisa mi...
Her er teksten!
Her er teksten!
3 kommentarer:
Ein ikkje ukjend melodi her i huset. Nr 2 er Liverpoolfan.
Svigerinna mi i Molde bruker å synge med Hanne Krogh kvart år. Eg forstår det er eit korkonsept.
Det var sikkert ei oppleving å vere med på denne konserten. Eg trøystar meg med signert CD av Bettan og Rein frå konserten eg var på i nov.
Eidabesta
Kjenner songen godt. Trur den stammar frå ein eller annan musical, før fotballen adopterte den. Dessverre har You tube mista stemma på datamaskina mi-ja, all lyd er borte og vi finn ikkje ut av det.
Legg inn en kommentar