Bloglandia er full av kreative quilte-, strikke- og hekle-damer, det er utruleg kor mykje lekkert ein kan finne. Men ein kan umogeleg følgje med på alt og alle, då får ein ikkje gjort anna! Sjølv administerer eg min eigen blogg, lappeklubben min sin blogg, heimesida til klassa mi, er på Ravelry og TSQ-gruppa, for å nemne det eg er mest aktiv på. Då blir det til at ein har sine "faves" som ein tittar innom med jamne mellomrom. I dag vil eg framheve nokre av desse, alle veldig dyktige og produktive og ikkje minst generøse!
LeKaQuilt har ein flott Giveaway denne veka, gå til bloggen hennar og sjå, både kva ho gir vekk, og kor mykje fint ho lagar! Det hastar om du vil vere med i trekkinga!
Synnøve Olava har lagt ut mønster på desse søte tova englane. Ho er verkeleg i julemodus for tida, gå til bloggen hennar og sjå kor mykje herleg ho lagar. Tusen takk for at du er så generøs at du deler mønsteret. Sjølv har eg berre lysegrønt fritidsgarn, men englar kan vel dukke opp i alle slags fargevariantar, særleg i desse engletider.... Tidlegare har eg hekla gryteklutar ho har lagt ut mønster på.
Om 2 blogginnlegg rundar eg 400, eg burde vel ha ein give away... HA EI FINE HELG I RUSKJEVEIRA!
5 kommentarer:
Har du ruskväder också... fy sjutton säger jag bara!!!!
Hoppas att du får en kreativ helg...:o)
Hei, og takk for det hyggelige besøket på bloggen min... :O)
Blri både glad og beæret om det du skriver om meg på din egen blogg! bare hyggelig at du linker til meg!
Gleder meg til å se engelen du har strikket..., spennende farge. Prinsessekronen er kjøpt på Panduro.
Gikk det greit å strikke etter oppskriften?
Ha en fortsatt fin lørdagskveld!
Ja, det var jo dette med alle fristelsene og tiden som ikke strekker til alt :o) Vi får se hvor raskt det går med mysteriesyingen min, men jeg SKAL i alle fall sy denne! Og ikke jukse og kikke på neste steg dersom jeg skulle ligge etter - Hehe! Hadde vært gøy om du også slengte deg med!
Ruskevær er ikke spesielt gøy!! Her har det ikke vært så aller værst i dag - vi hadde til og med en liten solstripe på morgenen :o)
Håper du har en riktig fin helg!
Klem fra meg
Så mange helt underbare textilier, det är så herligt med lappeteknik!
Hei Elin,
hiv deg på julemysteriet - det er flott! Eg har lagt ut nokre bilde på bloggen min - utan å røpe for mykje. Må gjerast ferdig no etter jul.
Legg inn en kommentar