Søk i denne bloggen

søndag 19. oktober 2008

Les Miserables

This weekend has been wonderful, I went together with my co-singers in the local choir to Bergen, the capital of Western Norway, to see Les Miserables. And there was also a Nordic movie, quite new, which was just a "gem".
Not much sewing the last days.
Denne helga har stått i kulturen (og "nålens kvile...") sitt teikn. I løpet av nokre laurdagstimar fekk eg årets filmoppleving og årets teateroppleving. Då det var regn (ikkje noko bombe i Bergen, kanskje) og ein var metta på shopping, gjekk to av oss på kino, ganske spontant. Det angra vi ikkje på!
Denne musikalen er fantastisk, tenk å få oppleve dette "live", eg var på weekend med 15 andre frå damekoret eg er med i.

Denne filmen bør du unne deg, han står til terningkast 6 hos meg! Fantastisk nordisk samarbeidsfilm. Filmen hadde nett hatt premiere, og passa særdeles godt til tema for innsamlingsaksjonen denne søndagen. Tidskoloritten er glimrande, likeeins skodespelarprestasjonane.


6 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjekt at du har fått litt "påfyll" i haustmørket. Det er no overkomeleg å reise til Bergen, kan få mykje ut av ei helg.
God veke, vi sjåast til helga!
Eidabesta

Husflidstausa sa...

Slike helger kan ein leve lenge på............

Besta sa...

Denne filmen fekk eg lyst å sjå. Merkelig at eg ikkje har høyrt om den før. Ser at avisene gir høgare terningkast enn publikum. Men så spørs det kven "publikum" er.Synest du er flink å få med deg gode opplevingar.

STRIKKEMOR(O) sa...

Høyrest ut som ei kjekk helg! Det var kanskje bra at du kom deg inn på ein kino, før kontoen blei heilt tom...he he.... Gler meg til å få det du har handla til meg!

Jeanne sa...

Les Miserables is my all time favorite musical! I've seen it several times, every chance I get.

arieldog sa...

"Bring him home", "On my own" og "Do you hear the poeople sing"? Say no more! Les Miserables er fantastisk!