Søk i denne bloggen

lørdag 11. august 2007

Shopping, mostly for the eyes...

We visited two very exclusive shops, one for horse equipment and one for knitting. Take a look at the home pages below.

Det begrensar seg sjølv kor mykje ein rekk å besøkje av butikkar når hovudmålet med turen var å treffe slekta... Difor blei det eit eksklusivt utval vi var innom. På Ikea tok eg ingen bilete (men kjøpte 8 innerputer - slå den....), men sjå her:
Ullvarefabrikken Hillesvåg
Skal tru kor mange titals gonger eg har køyrt forbi denne staden utan å vite om det kjempefine utsalet? Her er veldig mykje Oleana-produkt frå fabrikken i Arna, og herleg garn både i ull og bomull. Fargane var heilt fantastiske. Eg berre sonderte terrenget denne gongen, og kjøpte kun mønsteret til det artige skjerfet i grannyruter og strikkaruter...
Hifa garn i alle regnbogens fargar. Dette var ei stor freisting for meg, men eg gjorde meg hard og stod imot...


Ridebutikken på Alvøen var eit syn for gudar! Kva dei ikkje hadde av rideutstyr her, kan ikkje vere verdt å ha... Far og dotter brukte l a n g tid på denne butikken og brukte m y k j e peng...
Alvøen er forresten ei lita perle mellom Bergen og Sotra. Her var papirfabrikk frå 1700talet og fram til 1981. No hyser desse lokala m.a. rideutstyr, interiørbutikkar, kunstutstillingar.

3 kommentarer:

LilleMø sa...

Shopping betyr vel at ein kjøper noko eller har eg misforstått?? :-)

min sin lille tue sa...

Heihei
Skjønner at du ble frista der inne jeg, ikke noe problemer med det. Godt gjort å ikke handle noen ting.
Men du detter kanskje innom ved en senere anledning?
Ha en fin søndag.

Rose Johnston sa...

All that gorgeous wool makes me want to get out the needles and start knitting something!!!