I kveld har eg sydd 5 blokker på SBS-teppet mitt. To av desse blokkene har eg sydd før, så kvifor gjere det på nytt? Jauvisst, eg fekk ikkje til dei rette måla i første forsøk. Til all lukke blei dette oppdaga før eg hadde laga fleire enn 8 blokker.... Årsaka til mistydinga ligg delvis i printaren, der dokumenta blir såkalt tilpassa under utskriving. Dette må ikkje skje når ein lastar opp mønster frå internett som skal ha akkurat ein bestemt storleik. Så no byrjar eg altså på nytt med ny inspirasjon, og startar med lette blokker. 4 av desse blokkene ligg i forskjellige rader på det ferdige teppet, så difor har eg sydd dei i noko lunde same stoffa, dette etter råd frå Quiltholic, som no har sydd alle 140 blokkene. Gå inn på hennar blogg og nyt synet! Ho er kjempeflink og veldig hjelpsam.
Boka Return to Elm Creek har eg kjøpt frå Amazon, og inneheld mange mønster frå bøkene til Jennifer Chaverini.
Eg har meldt meg på ein såkalla BOW, block of the week, der ein får tildelt ei blokk for veka, som så skal syast og presenterast på nettet. I tillegg er eg med i ei gruppe der ein kan skrive inn det ein vil vedrørande dette teppet, spørje etter råd o.l. Kjempekjekt!
No er eg begynt på 4. Elm Creek-boka, The Runaway Quilt. Held på å bli hekta på desse bøkene. Det er komt ut 10 av dei til no.
2 kommentarer:
Heisann! Blokkene dine er kjempefine! Glad problemene er løst! Chineys and Cornerstones er en av mine favorittblokker - din er flott! I den neste mønsterboka til Jennifer kommer det et eget mønster for et C&C-teppe - glede seg!!! :o) Ha en riktig god helg! (uops, jeg må komme meg avgårde)
Dette sjalet fekk no eg lyst til å lage.....
Legg inn en kommentar