
Torsdag etter arbeid gjekk nesten alle kollegane på Rygg skule (som eg no har forlete) ein fantastisk tur frå Myklebustdalen i Gloppen til Stardalen i Jølster. Her er første stopp, Myklebuststøylen. Her er flatt og fint terreng, og stupbratte fjell på begge sider. Til venstre, langt, langt oppe, ligg Snønipa, som er den ultimate turen for mange.

Myklebustdalen går nord - sør, og Stardalen aust - vest. Her er Skjetnevatnet.

Og her er Reinevatnet. Mange tok av seg på føtene og vassa over elva hit. Dronninga på haugen fekk låne nokre gåstavar og kom seg relativt tørrskodd over.
Med pausar og roleg gange tok turen ca. 4 timar. Ved Stardalen sommarkafe stod resten av kollegane og venta, og vi inntok ein god middag.
Dette er ein veldig flott tur, men ein må mikse og makse litt med bilar frå eine dalen til hin. Nokre bruker å starte i kvar sin ende, for så å byte bilnøklar halvvegs...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar