Søk i denne bloggen

lørdag 26. mai 2007

Ny hest???

Laurdag for ei veke sidan fekk vi ein ny hest, som vi skal ha på beite i sommar. Vi skal altså ikkje eige han forever...
Juli, den nye hoppa(her med blå grime), kjem frå Arna. Ho er kjempefin, med ein stor karakteristisk flekk bak på venstre side. Junior er glad for dameselskap. Tilfeldigheitane ville det slik at desse to er fødde på nøyaktig same dag, dei er 7 år gamle, og begge har gått i travløp.






Det er ikkje dumt å ha ein dobbel garasje til hestestell i regnveret!

Ingen kommentarer: