
I dag kom denne openberringa til meg i posten, med Fie Norum og Hilde Aanerud Krohg sine signaturar inni!
Har fotografert nokre få smakebitar. Denne boka er berre eit must. I etterordet skriv forfattarane at dei har vorte inspirerte av Trine Bakke på Lappemakeriet, og det er lett å sjå.
Ein annan kuriositet er at Hilde Aanerud Krohg har designa det kjende teppet "En kopp te til Kaffe" i boka Quilt Road av Kaffee Fassett. Her i denne nye boka er teppet i ei litt ny utgåve.


Klikk inni bileta, så blir dei større og tydelegare.

"En kopp te til mine syvenninner"

Og her eit situasjonsbilete ut stoveglaset, her sit Tinka på utsida og nyt varmen, og inne blømer geraniumen eg kjøpte til konfirmasjonen. Skåla og muggen er kjøpt i Granada.
Og i morgon er det juni, skål på det!
3 kommentarer:
Boka ser lekker ut! Er der berre store prosjekt? Ser litt for vanskeleg ut for meg, men det er sikkert kjekt å bla i den medan ein skålar... Kva skålar du i eigentleg, er det hostesaft?
DEN boka har jeg veldig lyst på ja! Ser spennende ut!
It has to certainly be a great and beautiful book :)))
Legg inn en kommentar