Søk i denne bloggen

lørdag 26. mai 2007

Meir "Granny"

" Corner Granny"

"Granny Stripes"

Ingen av blokkene har fått festa trådane eller blitt glatta ut endå. Etter læreboka skal dei gjennomgå ein prossess som heiter "blocking", der dei skal festast med nåler og få vass-sprut over seg, deretter tørke. Kan hende eg berre brukar strykejarnet på dette vesle prosjektet.

Eg trur eg held fast ved desse fire blokkene, har nine-patchen i midten, og let det bli ei sofapute. Då er eg altså ferdig med vel 1/4 av puta.
Har valgt ut dei granny-blokkene eg tykkjer er finast. Boka inneheld 200 forskjellige blokker, og berre ca. 10 ut av dei er såkalla bestemors-blokker.
Boka kan kjøpast hjå Amazon, søk på 200 chrochet blocks...

Ingen kommentarer: