Søk i denne bloggen

lørdag 21. april 2007

Fleire klenodiar!

Denne kista har vore svigermor si, og skriv seg frå 1946, som vi ser. Eg tykkjer ho er veldig fin i fargane. Over kista heng kristnaåkleet som eg har vist tidlegare under "klenodiar".
Den norske løven heng i stova vår. Denne har far til svigermor laga. Han har skore den ut og mala den sjølv. Han laga kanskje fire, fem eksemplar av denne løven. Eg veit ikkje kor tid han laga dei, men han var gått bort før eg kom inn i familien, og det er snart 30 år sidan, så kanskje på 60 talet? Ein spesiell ting å ha på veggen, men fordi det er morfar til mannen min som har laga den, har den stor affeksjonsverdi for oss.
Og her er klokka hans, på plass på veggen den også.



Og denne fela var det far til svigerfar som eigde. Vi set veldig pris på arve-tinga våre. Fram i lyset med dei! Men spele på fela gjer vi ikkje...


5 kommentarer:

Tone sa...

Takk for besøket!
Så mykje fine antikvitetar du har.
Kanhende skulle eg og leggje ut tina mi.Eg trur eg er den tredje Tone som eig den.
Men fele har eg ikkje, det skulle eg gjerne hatt, og jammen skulle eg lage lyd på den og. Vakkert ville det ikkje blitt, men jammen skulle eg likevel...:)
Er litt misunneleg no

STRIKKEMOR(O) sa...

Mange flotte ting har du å vise fram! Har du fått deg nytt kamera no?

TIRIL SOL sa...

Og eg som såg for meg eit kulturellt innslag på neste møte.....

Mallemor sa...

Sjå om ikkje du kan få han Petter Eide eller ka han no heiter til å lære deg ein slått. Det hadde vore saker det.

Mallemor sa...

Det gikk greit med å skrive komm, då må eg gå vidare på listaentar her