Babytøfler før og etter toving.
No manglar her litt pynt, så er dei klare.
Etter nytt besøk i butikken til Reidun 2. april, blei det klart at eg ikkje hadde gjort det heilt rett med desse tøflene. Eg tykte nok at resultatet ikkje blei heilt som forventa, og ana ugler i mosen. Har no fått oppdatering, og kjem til å strikke eit nytt par. Gledar meg! Her har eg prøvd nålefilting for første gong. Eg brukte ei spesialnål med ein svamp og ei trefjøl under, la på tråd i blomstermønster og hakka i veg! Dette var verkeleg spennande, og resultatet var over all forventing. Hadde vel ikkje komt på å prøve dette hadde det ikkje vore for Tone på blogglista mi. Takk for inspirasjonen! Her viser eg den strikka lappen før toving, og nærbilde av blomsten etter toving.
Resten av lappen har eg tenkt å eksperimentere med å klippe ut forskjellige typar blomstar.
Nærbilde av nålefilta blomst. Må innrømme eg er litt stolt....
Strikkeveska mi i to variantar, før og etter toving. Eg klipte ut blomsten og festa han på veska. Trur ikkje det raknar. Og det beste av alt, det ser ut til at vaskemaskina har tolt prossessen! (brukte vaskepose for sikkerhets skuld...)
Dette var ein så positiv prossess at eg heilt sikkert kjem til å prøve meir av det!
PS: Etter at Strikkemor(o) såg på veska mi, blei det klart at her burde eg satse på ein omgong til i maskina. Så då så......!
Denne gongen satsar eg på at det går greitt utan vaskepose. Veska blei truleg litt mykje samanpressa inni posen, og der var nokre brettar som var vanskeleg å få vekk.
3 kommentarer:
Kjempefine tøfler og flott veske! Her går det unna!
Gu så tøff den blei! Sjikkla sprek.
ar vore innom iblant og sett om eg fann noko tova og nålefilta, så då eg fekk eit lite hint måtte eg sporenstreks på besøk.
SÅ FLINK DU ER!!
:) gler meg til å sjå meir.
Sjølv får eg ikkje lagt ut noko foreløbig for eg er med i ein along der vi ikkje får vise det vi lagar før 1.april, så det blir vel eit innlegg over påske.
Oi, kan du toving også du! Så fine ting du har laga! Jeg har aldri prøvd toving. Har nok litt skrekk for at alt skal bli ødelagt i den vaskeprosessen, eller at sokkene ikke blir like store eller noe sånt. Men, blir jo litt frista til å prøve da når jeg ser alt det fine du har fått til...
Legg inn en kommentar